Drittfolk og sopp............. ;-)

Grrr, no er eg eitrande f........ Er møkklei desse spammerane som må forsure tilværelsen og bloggen min. Innlegget om ein hekla duk, blir nedlessa med spam-kommentarer, så no har eg sletta innlegget i håp om at det skal ta slutt. Har vore litt på andre innlegg også, men ikkje så gale som dette. Hrmfgrr, drittfolk!!!


Har ei plante igjen etter svigermor som eg prøver å holde liv i. Hadde fleire, men dei andre er......der.....;-)
Det er ei eh.......pelargonia?????  (kaller det berre "gammelkjerringblomst eg, hihi)
Plutselig dukka desse opp..... er det  hattifnatter??   Eller er det rett og slett sopp, kanskje!?!?!?!?!


sopp i blomst

Seinare dukka det opp 2 store og fleire små. Litt ekkelt egentlig, men litt "stilig" også.     ;0)


På handarbeidsfronten går det for øyeblikket i sjal i englemasker/kjærlighetsknuter. Det var jo veldig enkelt då, når eg endelig forstod det  ;0)   Og for det må eg igjen sende ei takk til ToneM 
Skulle hatt eit bilde å vise, men kamera er på 4H-leir ilag med datteren i huset, så det får vente.

Skulle vel også hatt bilde av meg, der eg set på låven og hekler kjærlighetsknuter inn mellom lassa med gras som kjem dumpande no i slåtten, ha ha. Ikkje fritt for at mannfolka kikka 2 gonger på meg då, hihi.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits