SIDAN SIST

Er visst ei stund sidan sist ja.

Har vore i konf. til ei "tantejente". Hadde sydd duk i hardangersaum (til salongbord) til henne,så eg var litt spent på om det ville falle i smak. Det gjorde det heldigvis. Trur mora vart litt misunnelig :-)

1.mai vart eg tante til ein liten gut. Regner med det blir dåp om ikkje altfor lenge, så eg har begynt på ........ehh,snart ferdig....... eit fødsels/dåpsbilde til han. Ganske søtt igrunn :-))  Ein stork som held barnet i nebbet (ganske klassisk kanskje??)
(no MÅ eg prøve å få i orden apparatet som ikkje vil ha kontakt med maskina, så eg får lagt inn litt bilder her...:-\  )

Min førstefødde vart 18 år i går (1.juni). Ganske stort det, men enda større var det at han klarte LAPPEN samme dagen !!!!!! Kan tru kan var kry !!!!!!  (det var no igrunn vi som er foreldre også)  Så i kveld blir det tur på Dolly Dimple på pizza-fest  :-))

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits