Tørke....

Eg har tørke både når det gjeld blogging og handarbeid, og det er ikkje noko kjekt nei... Har jo ikkje noko å vise fram då.... siste eg laga var ein "overraskelse" til Ronille.  Gjorde ein byttehandel med henne, ho hadde ein duk i hardanger som ho ikkje kom til å gjere ferdig. Ho skulle opprinnelig ha porto for duken, men ho bestemte at ho ville ha ein overraskelse i retur...
Kva finn ein på då???  Fekk litt "prestasjonsangst"  *ler*, men trur det løyste seg... Her er det ho fekk i "porto" ;

      Ei nålepute i hardangersaum.


Fekk meg forresten ein liten overraskelse sjøl her ein dag...
Kattane våre har aldri vore huskattar.... men sjå her..... "gamla" har funne ei åpen dør...Når altandøra står åpen no, så kjem ho inn.  Mjaaaaauuuuu, gi meg litt mat dåååå.....  Må nok innrømme at eg tar ein tur i kjøleskapet og finn litt godis av eit eller anna slag...
No er ho blitt så tam at vi får klappe henne og.... jaudå, mor er blitt blaut, hihi.... det er ei "kjent sak" at eg ikkje er nokon dyre-elsker... ;-))


innekatt

4 kommentarer

Sonja

01.05.2007 kl.22:35

He, he, he, det måtte berre komme..... :-)

Der ser du..., katter ER koselige dyr. Så no har du også blitt skikkelig katteeier.

Håper alt står bra til med dere alle.

Ronille

02.05.2007 kl.00:05

Så koselig at du er tilbake :) Du kan tru eg vart overraska over den fine nåleputa :) Tusen takk, duer kjempe flink. Ja du får kjøpe litt kattemat no da, det har vi i hus til vår Pus :)

LilleBlå

02.05.2007 kl.10:04

Guri, så fin nålepute du har sendt til Ronille!

Hardangersøm har jeg ALDRI fått helt dreisen på.

*misunnlig*

Katter er skikkelig koselige dyr det, Bodil.

(Sa hun som elsker hunder... hi-hi... men jeg liker alle slags dyr med pels på jeg altså!)

Nå har jeg lagt inn nærbilde av skapet, så kan du jo se selv om det ligner. Ha en super mai-dag, - håper du har bedre vær en meg for her øs-regner det!

Anne-Grethe

02.05.2007 kl.13:11

Det var nok den høna den så gjennom vinduet som gjorde utslaget! :-)

Skriv en ny kommentar

hits